Kjære storbarnsforeldre

 

 

Dette innlegget sto på trykk i VG 26. august.

Eg har aldri bekymra meg over bæsjebleiar, regnbukser med støvelstropp eller havregraut. Men eg forstår at mange må gjere det, og at det er fint å finne ein grei «how-to» på internett frå nokon i same situasjon. Eg kan også forstå at foreldra mine har bekymra seg dei gongane eg har vore litt for mykje aleine på rommet mitt eller ikkje svart på tredje «kor er du?»-meldinga. Men eg håpar av heile mitt hjarte at ingen finn på å lage ein «how-to» på internett om det.

bilde
Eg sett pris på at Guro Hoftun Gjestad tek opp desse utfordringane også. Store deler av oppveksten er ein trass alt ganske stor, så det er berre rett og rimeleg at foreldra får litt skryt då også. Men eg vart likevel veldig skremt av kommentarfeltet. Mange var frå begeistra storbarnsmødre, og så omtrent ut som dette:

«Veit akkurat kva du snakkar om! Eg er tobarnsmor med ei på 15 og ein på 17. Eldstemann droppa nettopp ut av skulen og jenta mi snakkar nesten ikkje med meg, men ho har nesten ingen vener.»

Når denne leggjast ut under fult namn har du med nokre få setningar utlevert to menneske på det grovaste, og lagt ut sensitive opplysningar om dei på internett kor alle kan sjå dei. Viss dette utviklar seg til ein ny trend med «storbarnsmammabloggar», så håpar eg at dei er litt meir forsiktige enn til nå.

Vi ungdom er overrepresentert når det kjem til psykiske lidingar, og hovudproblemet er kva andre ungdom meiner om deg. Ei mor som kjem inn på ungdomsskulen med ein gløymt matpakke fyste dagen kan vere nok til å få stempelet mammadalt dei neste tre åra. Det håpar eg storbarnsforeldra tenkjer på før dei lagar ein blogg som garantert blir lese av venene til sonen eller dottera. Mens barna er små kan ein godt tenkje at det ein sjølv strever med er mykje verre enn poden sine problem, som kan trøstast bort med ein klem. Men når det harde ungdomslivet begynner er dine eigne bekymringar om pizzarestar og høge mobilrekningar berre barnemat mot skamma viss mamma startar «how-to» blogg eller skriv om deg på vg.no.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s