Partisk nyansering

Wow! Over fire tusen visningar på to dagar og over tusen delinga på like lang tid! Med eit sånt engasjement forstår eg ikkje at KS ikkje har gitt opp for lenge sida. Men det førre innlegget mitt på denne bloggen skulle eigentleg blitt posta for ganske lenge sida. Innlegget låg klart til å postast strakt eg fekk satt inn nokre bilete, men eg vart forsinka med fleire veker.

Viss forseinkinga berre hadde skuldast ferie på fjellet, så hadde det ikkje vore noko å mase om. Men eg har 3G-nett på fjellet. Grunnen til at eg vart forsinka er at eg synast det ville vore usmakleg å publisere det akkurat då. Sjølvsagt er det viktig med arbeidstida til lærarane, men det er ikkje det ein skal be internett om å konsentrere seg om mens rakettane haglar over Gaza, og dei som seier ifrå blir utsett for truslar og personangrep.

Det er mykje ein kan seie om Israel-Palestina-konkfikta. Viss ein skal vere politisk korrekt eller drive med nyheitsformidling er ein nøydt til det for ikkje å bli skulda på for å vere partisk. Eg jobbar korkje i NRK eller Høgre, så eg kan seie det reitt ut; Israel er ein okkupasjonsmakt som driv verre segregering enn under Apartheid i Sør-Afrika. Ein kan sikkert seie mykje rart om Hamas og kva dei gjer også, og det kan til og med hende at noko av det er sant, men det er ikkje dei som har det totale militære hegemoniet til å bombe Gaza til ruinar.

Dette er ikkje synsing eller partisk i nokon som helst retning. Dette er faktisk sånn bilete ser ut. Sidsel Wold og NRK veit det truleg betre enn dei fleste. Likevel er dei og alle andre mediar forplikta til å halde seg «upartiske». Einaste problemet er at i ein konflikt kor partane er å så stor ubalanse tydar «upartisk» dessverre «Israelvennleg». Kanskje ikkje så vennleg som nokon skulle ønske, men likevel vennleg. Det tydar i praksis at for kvar gong hundre sivile blir drepne av Israelsk militære, så må dei lage ein sak om dei sju omkomne Israelske soldatane. Ein kan sjølvsagt ikkje telle verdien av menneskeliv, men det er lett å sjå at det er ei misforhold. Kvar gong leikande barn i Gaza blir skutt ned, så kjem det ein sak om hundar som er skremde av flyalarm. Når vart «hunden måtte haldas innandørs til ulyden var over» ein nyheitssak noko annan stad enn i små lokalavisar? Kvar gong nokon får lov til å foreslå ein boikott, så får vi sjå ein annonse frå MIFF (Med Israel For fred) som definerer 15 år gamle gutar som «i stridsdyktig alder» og difor legitime bombemål. Og kvar gong NRK publiserer ein nyansert og vel dokumentert artikkel som denne (http://www.nrk.no/ytring/murens-generasjon-1.11862957), så må dei også svelge denne (http://www.nrk.no/ytring/hvorfor-jeg-stotter-israel-1.11874081) kamelen frå formannen i FpU. Ingen som hevder at døde sivile ikkje er eit argument, seier at motparten er for kjenslelada og kallar Israel ein «Bastion av fridom» i same artikkel burde få spalteplass av NRK.

Viss Noreg skal vere med å gjere ein forskjell trengs det folkeleg vilje til å leggje press på Israel. Då må dei store media starte å formidle dei verkelege nyheitene, og ikkje gje ekstreme grupper plass. Nyheiter kjem alltid til å tråkke nokon på tærne, og det kjem alltid til å vere nokon som synast det verker partisk skreve, men eit lite rasistisk mindretal burde ikkje få styre ein nyheitsformidlar med integritet.

 

Bileta er lånt frå banksyworld.blogspot.no

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s