Korleis heidre ei grunnlov

Dette er ein tekst eg skreiv til ein tekstkonkuranse på skulen min denne våren. Det var morosamt å skrive, og resultatet var at eg fekk ein iPad.

 

Godt grunnlovsjubileum alle saman! Som dei fleste norskar truleg har fått med seg, er det i år 200 år sida Noregs grunnlov vart underskrive. Mange seier at vi feirar fødselsdagen til Noreg den 17. mai kvart år, og då er dette 200-årsdagen! Det er ganske mange år og ganske mykje å feire. Og for å veie opp for alle dei 17. mai-ane som ikkje har blitt feira på grunn av krig, unionstid og det faktum at det ikkje vart vanleg med store 17. mai-tog før etter krigen, så skal det feirast skikkelig i år. Heile året. Ikkje berre ein dag i mai.

Jubileet gjer sjølvsagt at ein heil del folk som veit noko viktig om norsk historie, kjem fram frå universiteta, biblioteka, musea eller kor dei no måtte finne på å gøyme seg resten av tida. Desse kloke menneska kan sjølvsagt fortelje oss ein heil masse gamalt som vi ikkje viste om, og som vi kjem til å gløyme igjen etter at vi har sagt til kvarandre kor viktig det er å ta vare på historia og gitt dei kloke menneska eit klapp på skuldra. Dette kjem vi til å gjere i heile 2014. Norsk rikskringkasting har alt starta med å sende fleire program med kloke menneske som fortel oss kva vi kan lære av grunnlova og kva det verkeleg vil seie å vere norsk. Og når dei olympiske leikane er over er det rimeleg å tru at TV2 kjem med sine variantar dei også.

Dette er ein fin måte å feire grunnlovsjubileet på. Samstundes med at vi kan leve dei rolige liva våre kan vi glede oss over 200 år med norsk grunnlov mens vi ser på Gullrekka på fredagskveldane. Vi kan sitje saman med kvar vår fornuftige kaffikopp, eller lettøl viss vi tek skikkelig i ein kveld, og skryte av kor fornuftige dei var på Eidsvoll i 1814. Problemet er sjølvsagt at det er litt vanskeleg å få like mange menneske til å sitje ved TV-ane sine som det er i toga på 17. mai. Faktisk så er det nok fleire som ser på OL enn som kjem til å sitje klistra til skjermen for å høyre ein gamal museumsarkivar fortelje om korleis kleda såg ut i 1814. Det kjem faktisk ikkje til å vere i nærleiken ein gong.

Noko heidring skal dei jo ha, eidsvollsmennene. Alle som lid for noko dei trur på fortener litt heidring. Og det skal ikkje mykje fantasi til for å forstå at dei leid på Eidsvoll. 10. april samla dei seg i ein dårleg ventilert ballsal, og dekka dansegolvet med harde benkar av tre til dei 112 representantane. Der blei dei til 18. mai. Dagane var sikkert lange, veret blei berre varmare og varmare mens dei var der, og mange av avstemmingane var sikkert veldig kjedelege. Dei måtte faktisk fjerne alle bileta frå veggane, inkludert eit av ei lettkledd dame, for at folk ikkje skulle bli distrahert. Alle som har gått på norsk skule veit kor ille det kan vere å vere innestengt i eit dårleg lufta rom med 29 andre menneske. Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg kor mykje verre det må vere med 111 andre i staden. Ein kan derfor konkludere med at vi må heidre det offeret eidsvollsmennene gjorde for heimlandet sitt.

Legg merke til at både dørene og vinduene er åpne. Desterat forsøk på lufting?

Det er vanlegvis tre moglege måtar ein kan heidre minnet til nokon på. Ein kan gjennomgå dei same smertane som dei gjorde. Dette er ein teknikk som er mykje nytta av veldig religiøse kristne som vil heidre at Jesus leid på korset. Det er ikkje like vanleg å sperre seg sjølv inne i eit dårleg ventilert rom med 111 andre menneske i 38 dagar. Det ville kanskje ikkje vore like ekstremt som å spikre seg sjølv opp på eit trekors, men ikkje veldig normalt heller. For ikkje å snakke om mogleg å gjennomføre. Vi vil jo gjerne heidre prestasjonane på Eidsvoll, men det må jo vere grenser også.

Den andre måten er å lære seg masse om dei menneska ein skal heidre, og så konkludere med at dei gjorde ein god innsats. Berre det å få eit underhaldande opplysningsprogram på NRK dedisert til seg er jo ein heider, og viss nokon ser på det og tenkjer bra om deg etterpå er jo det også bra. Det viser at du har gjort noko minneverdig, og at folk set pris på det. Ein må gjere noko stort for at folk skal få vite om det. Viss folk veit kven du er og kva du har gjort, så er det ei heidring i seg sjølv. Til dømes har NRK aldri sendt nokon dokumentar om meg. Det kjem av det enkle faktum at eg ikkje har gjort nokon ting som er verdt å heidre meg for. Eidsvollsmennene derimot, dei bør folk vite om. Og det gjer folk. Folk er fornuftige sånn sett. Dei veit kven eidsvollsmennene er, men ikkje kven eg er. Det er sånn det burde vere. Men, som vi alt har konkludert med tidligare, kjem det vanlegvis ikkje lengre enn dit. Folk veit til dømes ikkje så mykje om kva som står i grunnlova. Eller kva for klede dei hadde som skreiv ho. Eller kven Christian Magnus Falsen var. Folk bryr seg ikkje om å gå meir på skule enn dei må, sjølv om skulen heiter NRK og er på fredagskveldane. Vi har alt vore inne på dette med heidring gjennom å lide.

Den siste, og kanskje beste, måten å heidre nokon på er å gjere noko artig. Gjerne noko som dei ein ville heidre ville eller aldri fekk gjere. Feste til dømes. 112 menneske sperra inne i ein ballsal i over ein månad hadde nok veldig lyst til å gjere nettopp det. Men det kunne dei jo ikkje. Og nettopp difor er det det vi burde gjere for å heidre dei. Hundre menn i ein ballsal som heldt ut lengten etter ball og fest, og målretta skreiv ein grunnlov i staden. 200 år etterpå burde vi ha landets største fest til deira minne.

Dei sat på Eidsvoll frå 10. april til 18. mai. Siste dagen brukte dei berre på å skrive under grunnlova. Difor burde vi, for å heidre dei, feste frå midt i april til midt i mai, og avslutte med å skrive noko, helst vårt eige namn ein heil dag etterpå. Og det gjer folk. Ikkje alle folk, men nokon gjer det. Nærare bestemt nesten alle ungdomane som er født i 1995. I april startar festinga, nokon er faktisk så glade i grunnlova at dei begynner enda tidligare, og så held dei på til og med 17. mai. Etterpå er det ein hel masse skriving. Gjerne fleire dagar etter kvarandre. Dei kler seg til og med ut i raude og blå luer og bukser for å heidre eidsvollsmennene (truleg eit symbol på unionspartiet og sjølvstendepartiet). Det kan sjølvsagt hende at russen tek litt av, og ikkje bestandig er dei beste til å respektere privat eigedomsrett, trafikkreglar, offentleg eigedom eller promillegrensar, men det kan vere lurt å hugse på neste gong du irriterer deg over påfunna til russen. Dei er mykje meir opptekne av grunnlova vår enn deg.

Meg som russ...

Meg som russ…

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s