Elitespråket til Lomheim

Denne sto på trykk i Klassekampen 18.10.2013 som svar på ein tekst i den faste spalta til Lomheim i same avis.

Sylfest Lomheim skriv i Klassekampen 9. oktober at på nynorsk er det greitt å nytte “han” eller “ho” som pronomen, sjølv om ordet peiker tilbake på eit substantiv med feil kjønn. Her tek han debatten om likestilling i språket fleire tiår tilbake.

Lomheim legg til grunn at nynorskbrukarar er ei eigen samfunnsgruppe, og at dei ikkje treng å bry seg om den språklege og politiske verkelegheita. Han gløymer mellom anna heilt å ta opp kven som tener på kjønnsdiskriminering i nynorsk. Viss ein ser på kva for substantiv som er hankjønn og kva som er hokjønn, så er det ikkje vanskeleg å forstå at dette ikkje er ein bagatell. Nesten alle yrkestitlar er hannkjønnsord. Det leiar tankane inn på den for lengst utdaterte meininga at det å ha jobb er noko som høyrer til det å vere mann. Det er ikkje politisk nøytralt.

Det bør også nemnast at dei akademiske argumenta ikkje held vatn. Språkrådet har liggjande på nettstaden sin ei rettleiing om korleis ein kan få til kjønnsbalanse i språket. Her rådar dei faktisk språkbrukaren til å nytte motsett pronomen av det som er språkleg korrekt i generell omtale. Denne anbefalinga er skrivi på nynorsk. Synspunkta til Lomheim liknar på dei som insisterer på å bruke ord som “formann”, “rådmann” og “sjømann”, berre at her er det ikkje kva som er praktisk eller sedvane som er hovudargumentet til dei som er motstandarar av endring, men retten til dei akademiske nynorskbrukarane til å vere spesielle og heva seg over vanleg dødelege.

Det er fånyttes å be feministar om å la det akademiske språket vere i fred. Språket er den viktigaste plattforma for forståing av verkelegheita, og den skal ikkje Sylfest Lomheim få lov til å forme aleine.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s